Vinsjan på kaia Den nye visegruppa Vår egen lille verden Langt igjen te RAH Fattigfolks lærdommer Det umulige e mulig En mann må gjørra ...
                                                                                       Fjern menyen  

Om boka  
Vinsjan på kaia  
Den nye visegruppa  
Vår egen lille verden  
Langt igjen te Royal Albert Hall  
Sangen om fattigfolks lærdommer  
Det umulige e mulig  
En mann må gjørra de’n må  
Songar  
Om JeremiA/S Bakfot  
Om Idar Lind  


Kjøp boka:  

Alle D.D.E.-songar med tekst av Idar Lind:

 

Hver gang vi møtes 2015, Bjarnes Brøndbos dag:

 

DDR-versjonar:

 

Gluntan:

 

Det var ei verd
(tekst Idar Lind 1973, melodi Asbjørn Solheim 1975)

Visa er i liten grad framført offentlig.

 
Det var ei verd ein gong for lenge sia
der fanst visst noko som dei kalla gras
Som pappas uniform omlag på farga
Slik sto det i ei gamal bok eg las
Og graset voks frå kalde jord
Det leika mjukt med naken fot
det rare, grøne gras

Det var ei verd ein gong for lenge sia
der var det noko som dei kalla skog
Og høgare enn stridsvogner var trea
Eg las det i ei gamal, morkna bok
Med mose, lyng og raude bær
Å, kunne eg få kome der
i draumens friske skog

Det var ei verd ein gong for lenge sia
Der fanst det noko rart dei kalla dyr
Ja, fleire enn soldatar, det sa boka
Eg trur no mest at det var eventyr
Men kor eg ønsker få ein katt
med pels som fløyel, svart som natt
Mitt eige kjæledyr

Det var ei verd ein gong for lenge sia
der fanst eit reint og utilskitna hav
Så blankt og skimrande som bajonettar
Det sto eit bilde på eit gulna blad
Ei båre slo mot svarte stein
og vaska kaldt kring varme bein
Kor vart det av deg, hav?

Det var ei verd ein gong for lenge sia
der enno ikkje menneske fanst til
Og urørd, frisk og grøn låg verda
Den gongen skulle eg ha vore til

 
 

Jan-Erik Pettersen, vokal og gitar.
Asbjørn Solheim, bass og kor.
Begge var medlemmar av visegruppa JeremiA/S Bakfot.
Opptak 30. september 1977.

                                                                                                                               

Ansvarlig for sida: idar@lind.no.